KlangLab
  • Heim
  • Om KlangLab
  • Ting til salgs
  • Kontakt
  • Tips
  • Prisar
  • Linkar

Stol og sadel til akustisk gitar.

24/3/2016

0 Comments

 
Bilde
Bilde
Bilde
Ofte er akustiske gitarar levert med plastiskkstol og sadel, noko ein bør vurdere å bytte til eit bedre materiale, td. bein eller TusQ(syntetisk etterligning av bein). Mykje av lyden blir forplanta frå strengane gjennom brua(øvste bilete) og inn i kassa, dette er eit det einaste punktet på gitaren der strengane og gitaren er i konstant fysisk kontakt, difor vil ein høre god forskjell på kva materiale brua er laga av.  Brua er  også avgjerande i forhold til strengehøgde og intonasjon, noko som heilt grunnleggande for om eit instrument skal være brukande i det heile tatt.  Brua er ein kontruksjon der fleire seperate delar overfører vibrasjonar seg i mellom, også kalla "kobling". I eit instrument vert det overført vibrasjonar i heile konstruksjonen, derfor er alle punkt der delane møtast ei kobling. Nokre koblingar er meir prekære enn andre, deriblant stolen. Om koblingane på ein gitar er gode(hals/kropp, kropp/stol, stol/strengar) og alle delane er limt godt saman med rett lim, vil dette føre til rikare og større lyd enn om den same gitaren vart "kobla" saman meir slepphent.
Sadelen(andre bilete) fungerar bere som kobling ved åpen streng, medan banda er koblinga når ein spelar oppover halsen. Klangfargen blir annleis alt ettersom kva materale koblinga skjer via, td plastikk har oftast dårlig evne til å lede vibrasjonar, medan bein og metall er gode koblingar. Difor vil ein høre forskjell om ein spelar med åpen streng eller opp på halsen, sidan koblinga skjer via sadelen(bein/plastikk) eller via bandet(metall). For å få ein lik lyd uansett åpen streng eller ikkje kan ein sette på eit "nullte" band (nederste bilete). Strengehøgda ut frå sadelen spelar inn på instonasjonen på dei tre fire første banda, det er viktig at den er rett. 
​-Øystein
0 Comments

Your comment will be posted after it is approved.


Leave a Reply.

    Bilde

    Arkiv

    January 2021
    August 2020
    October 2016
    March 2016
    July 2013

    Kategoriar

    All
    Bygging
    Reperasjon
    Undervisning

    RSS Feed

Powered by Create your own unique website with customizable templates.